Bremnes Seashore søker Driftsoperatør Settefisk (RAS) til anlegg på Trovåg i Vindafjord kommune
Vil du jobbe tett på biologien og vere ein del av eit framoverlent havbruksmiljø?
No har du sjansen.
Vi satsar stort i Vindafjord. I løpet av dei siste åra har vi auka produksjonen ved settefiskanlegget vårt frå 150 til 3 000 tonn biomasse ved hjelp av grøn, framtidsretta teknologi. For å sikre at fisken har optimale forhold må vi ha kontroll og overvake drifta kvar einaste dag gjennom året.
Vi søkjer no etter ein motivert og dyktig driftsoperatør.
Dette kjem du til å jobbe med
Fôring, stell og tilsyn av fiskOppfølging av produksjon og kvalitetRapportering og journalføringReinhald og vedlikehald av utstyr
Vi ser etter deg som
har erfaring/fagbrev innan akvakultur (eller relevant bakgrunn)har kjennskap til og erfaring frå RAS-anlegg og arbeid med biologier strukturert, nysgjerrig og praktisk anlagtjobbar godt både sjølvstendig og i lagkommuniserer godt på norsk
Kvifor velje oss?
Du får ein viktig rolle i ein bransje i sterk utviklingDu blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanseGode moglegheiter for utviklingKonkurransedyktige vilkår og gode ordningarTilgang til firmahytter på Voss, Røldal og i Spania
This listing is from nav. View original listing ↗