via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Bli ein del av Kraftlaget i barnehage og skule

Suldal kommune Overordna oppvekst
Sand
3 jobs in Sand — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Me ønskjer deg som set borna i fokus.    

Om oss:   

Oppvekstsektoren i Suldal består av barnehagar og skular, kvar med sine kvalitetar - frå mindre barnehagar og skular, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 barnehageplassar og over 250 elevar. Me jobbar saman mot målet:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»   

Som fagarbeidar hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.  

Er du klar?  Me treng deg!  

Me har behov på følgande einingar:

Kjølvikstølen barnehage 200% vikariat

Marvik skule inntil 90% vikariat

Jelsa oppvekstsenter inntil 80% vikariat

  

Kven ser me etter?  

Du har godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeidar.  Personar med andre kvalifikasjonar kan søkje og blir vurderte.

Du planlegg og gjennomfører aktivitetar i samarbeid med kolleger som vekker nysgjerrigheit, motivasjon, utvikling og læring hos borna.  

Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  

Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  

Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  

Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i eininga sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt miljø.  

Kraftlaget – kva får du hos oss?  

Arbeidsmiljø  

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  

Fleksibilitet og kvardagsliv  

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.  

Utviklingsmoglegheiter  

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  

Bu i Suldal  

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.  

Hjå oss i Suldal kommune får du:  

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  

Engasjerte og dyktige kollegaer  

Bedriftshelseteneste  

Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  

Nynorsk som administrasjonsspråk  

Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  

Andre opplysningar:  

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  

Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  

Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  

   

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! 


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Sand
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Sand?
Currently 3 roles in Sand on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.