via NAV · 15 September 2026 ·4 days ago

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Skjolden Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du bli ein del av eit lite og nært oppvekstmiljø? Skjolden oppvekstsenter søkjer engasjert pedagog som har lyst til å vere med og skape ein trygg og aktiv kvardag for barna i barnehagen. Her får du arbeide tett med barna, kollegaene og nærmiljøet - på eit lite og inkluderande oppvekstsenter med 24 elevar på 1.-6.trinn og inntil 36 barnehageplassar. 

Me trur at små miljø kan gje store moglegheiter. Her kjenner me kvarandre godt og samarbeider på tvers av alder og avdeling. Me brukar også naturen og nærmiljøet aktivt i kvardagen. 

Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga vart ombygt og utvida framfor dette barnehageåret. Det er no areal til to barnehageavdelingar, det er nytt kontor, nytt personalrom, nye garderobar og eige vognskur.     

Ved Skjolden oppvekstsenter får du:

ein arbeidskvardag der du får bruke og utvikle den pedagogiske kompetansen dintett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaerhøve til å vere tett på barna og gjere ein forskjellbruke naturen og nærmiljøet aktivt i opplæringaeit flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbanekort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatreveggutsikt over Lustrafjorden og naturen rett utanfor døraStillingsinformasjon

Ledig fast 100 % stilling som barnehagelærar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.11.2026Ledig fast 100 % stilling som pedagogisk leiar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.01.2027Menn er underrepresenterte i barnehagen og blir difor oppmoda om å søkje Kvalifikasjonskrav

Godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå UtdanningsdirektoratetGod munnleg og skriftleg norsk, jf. barnehagelova § 28Har du anna førstespråk enn norsk, svensk eller dansk og mindre enn fem års erfaring i norsk barnehage/skule, må du dokumentere bestått språkkrav: A2 skriftleg og B1 munnlegGod IKT-kompetanseGodkjent politiattest (må leverast før oppstart)Personlege eigenskapar

Omsorgsfull og glad i å arbeide med barnEit reflektert pedagogisk grunnsynTrivest med å vere ute og bruke naturen som læringsarenaVere fleksibel, løysingsorientert og positivEin god rollemodell med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiterMe kan tilby

Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.Gode moglegheiter for fagleg utvikling.Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk.Andre opplysningar 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Skjolden?
Currently 4,217 roles in Skjolden on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.