Barnehagelærar og pedagogisk leiar - 2. gongs utlysing
Har du lyst til å bidra til eit godt oppvekstmiljø?Me har ledig tre 100% faste stillingar frå komande barnehageår:
barnehagelærar i Aurland barnehagepedagogisk leiar i Flåm barnehagebarnehagelærar i Flåm barnehage Flåm barnehage ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. I denne barnehagen er to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.
Aurland barnehage var ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 51 barn.
Aurland kommune søker etter engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse. Me vil at barna våre skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne i barnehagen.
I barnehagen bør barna få ulike opplevingar og utfordringar, samt at dei føler meistring. Kan du bidra til dette, og ynskjer det beste for barna, då vil me gjerne ha deg med på laget.
RekrutteringstilskotAurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som barnehagelærar.
Sletting av studiegjeld?I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Arbeids- og ansvarsområdeStillingane har litt ulike arbeidsoppgåver som du ser under.
Barnehagelærar:
delansvar for barnehagefagetkan få ansvar for faglege oppgåverha eit medansvar for endringar og utviklingsarbeidhalde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldane lover og forskrifter Pedagogisk leiar:
ha ansvar for dagleg drift og planlegging av aktivitetarha medansvar for endringar og utviklingsarbeidvere ein del av det pedagogiske teamet gi omsorg og trygge rammer til barna i samarbeid med resten av personaletvere ein god leiar og vere med å styrke det faglige miljøet i barnehagenha ei aktiv rolle i planlegging, gjennomføring og evaluering av barnehagen som ei pedagogisk verksemdkommunisere og samarbeide med foreldre og føresattehalde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldande lover og forskrifter bidra til, og ta ansvar for, eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonargodkjent utdanning som barnehagelærar / førskulelæraranna tre-årig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikkStudentar vert oppmoda om å søke
Me tilbyrei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad eit utviklingsorientert arbeidsmiljø gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter tariff pedagogisk leiar får kr 40 000 i auka grunnløntilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitetgod ordning for etter- og vidareutdanninggratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen gratis inngang til symjehallenå formidle kontakt med utleigar av ledige husvære eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære for informasjon om barnehageplass; fyl lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommuneSjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIPersonlege eigenskaparBarna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:
er ein engasjert pedagoger løysingsorientertvil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljøer fleksibel og endringsvillighar evne til å rettleieVerdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Krav til språkDu må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkårtilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalekrav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato må vere levert, og vurdert, før du kan byrje i stillinga
Generell informasjonAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
This listing is from nav. View original listing ↗