Barne- og ungdomsarbeidar
Om stillinga Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, har ledig i inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande frå medio august 2026. Stillinga er i utgangspunktet planlagt med oppgåver knytt til SFO og skule, men det kan også vere aktuelt med oppgåver innan barnehage. Stillinga har ikkje komprimert arbeidstid.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule, inkludert SFO, og to barnehagar, ein på Dalsøyra og ein i Hovden. Sjå Dalsøyra skule - Gulen kommune for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Arbeidsoppgåver Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemdMedansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med bornaDelta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemdaNokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltbornAndre oppgåver etter behovArbeidsoppgåvene/- områda vil variere alt etter om oppgåvene er knytt til SFO, skule, barnehage eller med enkeltborn. Det vil også kunne vere ulikt krav til sjølvstendig oppgåveløysing avhengig av om ein jobbar på SFO, skule eller i barnehagane. Til dømes vil fagarbeidaren i større grad ha i oppgåve å planlegge aktivtetar når ein er åleine som vaksen ved SFO, enn når ein jobbar saman med fleire vaksne/ulike yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert, men då utelukkande til mellombels stilling. Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftlegGyldig politiattest
Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnararKan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksneEr strukturert, men kan også vere spontan i møtet med bornaEr fleksibel og har gode samarbeidsevner, samstundes som ein kan arbeide sjølvstendig Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorskTilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalarFor tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillingaVi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Løn etter tariff
This listing is from nav. View original listing ↗