via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Avdelingsleiar

Teneste- og samordningskontor, Time kommune
Bryne Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Me har ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Teneste- og samordningskontoret. Teneste- og samordningskontoret er verksemda som behandlar alle søknader om helse- og omsorgstenester i kommunen. Me er derfor sentrale i møte med innbyggarane i kommunen. Me har tett samarbeid med dei andre avdelingane i helse og velferd, og også på tvers av kommunal områda. Vår jobb inneber også koordinering og samhandling både internt og eksternt.

Du vil som avdelingsleiar bli ein del av eit bra team, prega av godt arbeidsmiljø og dyktige tilsette. 

Ansvarsområda som er lagt til stillinga gjer den både innhaldsrik og variert.

Leiarstillinga vil ha ansvaret for:

  • BPA-ordningane i Time kommune

  • Private avlastarar, fritids- og treningskontaktar

  • Tilsette ved Time Frivilligsenter, som inkluderer kafe, aktiviteter og kantine
Arbeidsoppgåver- personal- og budsjettansvar
  • rekruttera og følga opp private avlastarar, fritids- og treningskontaktar og tilsette i BPA-ordningane

  • oppfølging av arbeidsleiarar i BPA-ordningane

  • saksbehandling

  • overordna ansvar for det frivillige arbeidet, i eit samarbeid med frivilligkoordinator, og driften av Time Frivilligsenter

  • andre oppgåver kan verta tillagt stillinga
Kvalifikasjonar- utdanna vernepleiar/sosionom/sjukepleiar
  • anna 3. årig høgskuleutdanning, og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet

  • du må ha noko kunnskap om BPA-ordning

  • det er ein stor fordel om du har erfaring eller kunnskap om arbeidstidsordningar

  • det er ein fordel om du har leiarerfaring

  • det er ønskeleg at du har erfaring frå arbeid innan helse og velferd i kommunal sektor

  • erfaring frå saksbehandling etter helse- og omsorgstjenesteloven vil vera ein fordel

  • kjennskap til det frivillige arbeidet

  • førarkort klasse B

  • gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting
  •  

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • du må lika utfordringar, vera fleksibel og løysningsorientert

  • robust til å stå i saker som krev noko ekstra

  • ha evne til rask omstilling, og ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg

  • vera god på å strukturera og prioritera arbeidsoppgåver

  • du må meistre samansette oppgåver, vera sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap

  • gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

  • personleg eignaheit til stillinga vil verta vektlagt
  •  

Vi tilbyr

Gode pensjonsordningar Løn etter avtaleEin spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit brett fagmiljø i ein organisasjon i utvikling 

KontaktinformasjonSølvi Hadland, Verksemdleiar, +47 99712452

ArbeidsstadRøyrvika 2

4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5142696180

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
8
jobs in Bryne
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
1%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bryne?
Currently 8 roles in Bryne on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
1% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.