via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Avdelingsleiar Infrastruktur

Plattformtenester, Helse Vest IKT
Bergen Full-time
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Sidan 2004 har Helse Vest IKT levert IT-utstyr og IT-løysingar til heile Helse Vest, og vi aukar jamleg satsinga på innovasjon og nyvinningar for å forenkle pasientkvardagen.

Vi søkjer avdelingsleiar for Infrastruktur. Avdelinga har hovudansvaret for leveransar innan datanettverk, konfigurasjon av plattformer for sluttbrukarutstyr, samt dei fleste sjukehusnære tenester innan varsling og alarmar, interntelefoni og teknologi knytt til pasient-TV, informasjonsskjermer med meir.

Avdelinga består av fire seksjonar: nettverk, pasientnær kommunikasjonsteknologi, klientplattform og identitets- og tilgangsstyring. Stillinga rapporterer til divisjonsleiar og er ein del av divisjonen si leiargruppe.

Arbeidsstad vil vere Bergen, Haugesund, Førde eller Stavanger.

ArbeidsoppgåverLeie arbeidet med å omsetje strategi til konkrete planar, tydelege prioriteringar og heilskapleg kapasitetsstyring i avdelingaTa ansvar for koordinering, forankring og målretta gjennomføring på tvers av team og einingarSetje retning og sikre robuste, framtidsretta tekniske løysingar på overordna nivåDrive kontinuerleg vidareutvikling av dei teknologiske plattformene i tråd med verksemda sine behovIdentifisere og ta i bruk ny teknologi som skapar verdi for brukarane og verksemdaPrioritere satsingar og teknologival basert på strategiske mål og tilgjengelege ressursarHa overordna ansvar for økonomi, ressursstyring og personaloppfølging i avdelingaKvalifikasjonarRelevant høgare utdanningRelevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanningLeiarerfaring frå større organisasjonarErfaring frå eitt eller fleire av fagfelta som avdelinga har ansvar forGod forståing for infrastruktur, tryggleik og kva som skal til for å levere stabile plattformerGod munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelskGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerMå kunne tryggleiksklarerastPersonlege eigenskaparVi ser etter deg som:

er resultatorientert, set tydelege mål og har sterk gjennomføringsevnetek velgrunna avgjerder og står støtt i dei – også når dei er krevjandehar god forståing for verksemda sitt samfunnsoppdrag og ser tenestene våre som del av ei større heilskapevnar å balansere dei strategiske hovudlinjene med dei viktige operasjonelle detaljaneleier og arbeider konstruktivt også under press, og står støtt når du møter motganger ein lagspelar som gir tillit, og som legg til rette for at medarbeidarar får brukt og utvikla kompetansen sinskapar engasjement og trivsel, og har eit stabilt og positivt humør     Vi tilbyrEi unik moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø i ein banebrytande bransje som påverkar kvardagen til mangeEit meiningsfylt arbeid der du bidreg til betre helsetenester, samtidig som du får gode høve til både fagleg og personleg utviklingGode og føreseielege vilkår gjennom Helse Vest sine kollektive avtalar og gode tilbod for tilsetteFleksible arbeidsordningar som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritidLøn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar gjennom medlemskap i KLPVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHarald Flaten, Divisjonsleiar, +47 95 94 52 37

ArbeidsstadBjørnsons gate 29

5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5132829313

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Plattformtenester, Helse Vest IKT

2 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.