Avdelingsleiar for 5.–7. trinn ved Valderøy barneskule
Bur det ein leiar i deg?
Er du motivert for å vidareutvikle læringsmiljøet på mellomtrinnet med fokus på fagleg, og sosial inkludering?Vil du bidra til å utvikle profesjonsfellesskapet slik at elevane opplever meistring, lærelyst og tilhøyrsle?Brenn du for god pedagogisk praksis, tydelege forventningar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø?Då kan Valderøy barneskule vere rett skule for deg!
Valderøy barneskule har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for 5.–7. trinn. Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe, saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane. Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling. Stillinga inneber både leiing og undervisning. Du vil ha eit særleg ansvar for 5.–7. trinn, med personaloppfølging, pedagogisk utviklingsarbeid og administrative oppgåver. Du vil også vere ein viktig del av skulen sitt samla utviklingsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som er tett på praksis og som ønskjer å vere ein aktiv del av kvardagen til både elevar og tilsette.
Valderøy barneskule
Valderøy barneskule er ein 1–7 skule med fire avdelingar fordelt på 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, 5.-7.trinn og Basen som er ei forsterka avdeling. Skulen ligg nært skog, fjell og fjøre som gir god mulighet til ein utvida læringsarena. Skulen sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen skal synleggjere vårt lærings- og menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre. Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom», med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule. Vi ønskjer å utvikle ein skule der alle elevar får høve til å oppleve meistring, utvikle seg og vere ein del av fellesskapet.
ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
personalleiing og oppfølging av medarbeidararpedagogisk leiing og utvikling av 5.–7. trinnoppfølging av elevane sitt læringsmiljø og faglege utviklingsamarbeid med elevar, føresette og ulike faginstansarrettleiing og støtte til lærarar og andre tilsettebidra til eit sterkt og lærande profesjonsfellesskapadministrative oppgåver og ressursdisponeringbidra til å halde vedtekne budsjettrammer og vurdere tiltak for å halde budsjettvere ein aktiv del av skulen si samla utvikling
Kvalifikasjonarhar godkjend lærarutdanninghar relevant erfaring frå grunnskulengjerne leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiinghar interesse for pedagogisk utviklingsarbeidhar god relasjonskompetanseer tydeleg, trygg og tillitsskapandekan stå i utfordrande situasjonar og ta nødvendige avgjerderer løysingsorientert, fleksibel og strukturerthar gode samarbeidsevnerhar god digital kompetanseVi legg stor vekt på personlege eigenskapar og at du er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden og ved tilsetting må gyldig politiattest leggast fram.
Personlege eigenskaparEvne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring.Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse.Evne til å arbeide ryddig og strukturert.Fleksibel og løysingsorientert.Vi tilbyrein spennande og variert leiarjobb i ein stor barneskuleeit kompetent og engasjert kollegiumeit godt samarbeid i leiargruppahøve til å påverke og utvikle skulen vidareeit arbeidsmiljø med fokus på læring, meistring og inkluderingfagleg utvikling og rettleiingløn etter avtale og gjeldande avtaleverkVelkomen til oss!
KontaktinformasjonOddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
ArbeidsstadValderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5178028534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗