via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Autorisert sjukepleiar 85% stilling, vikariat.

Heimetenesta Ytre, Sula kommune
Langevåg
8 jobs in Langevåg — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

*Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 minutt å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken.

*Avdelinga har ledig eit vikariat for autorisert sjukepleiar i perioden frå -17.08.26.-15.08.27  Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter  kan påreknas om ønskeleg. 

*2 delt turnus, valgfritt med langvakter kvar 4 helg eller tradisjonelle vakter kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00.

Arbeidsoppgåver*Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe.

*I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell , sjukepleie prosedyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane.

*Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny.  Ta gjerne ein telefon for meir informasjon, eller for å avtale ein tur innom om du lure på om dette kan vere stillinga for deg. 

Kvalifikasjonar*Autorisert sjukepleiar med datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.Personlege eigenskapar*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.

*Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar

*Du må vere ressurs og løysingsorientert , ha evne til arbeide både sjølvstendig og i team.

*Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar. Arbeidet kan vere fysisk belastande.

*Personlege eigenskapar vert vektlagd.

*Krav om førarkort

*Oppgje referanse.

Vi tilbyr* I tillegg til tariffløn har kommunen eit generelt tillegg på 6500,- for sjukepleiarar + 8000,- ekstra som kompensasjon for arbeid på helg.

*Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning

*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.

*Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. Ein sosial gjeng både på jobb og i fritida. 

*Vi har fine arbeidslokale og gratis parkering

*Abeidskle

*Opplæring

*Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

KontaktinformasjonSolgunn Eide , Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide@sula.kommune.no

Torunn Veddeng, Einingsleiar, +47 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

ArbeidsstadStadsnesvegen 9B

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5140037916

Stillingsprosent: 85%

Vikar

Startdato: 17.08.2026

Sluttdato: 15.08.2027

Søknadsfrist: 17.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
8
jobs in Langevåg
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Langevåg?
Currently 8 roles in Langevåg on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.