Austarheim skule har ledig vikariat for skuleåret 2026/2027
Austarheim skule søker ein engasjert og dyktig lærar i 100 % vikariat perioden 01.08.26-31.07.27.
Austarheim skule er ein barneskule med om lag 140 elevar. Skulen har eit positivt og støttande arbeidsmiljø der samarbeid, relasjonsbygging og fagleg utvikling står sentralt. Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring og tilhøyrsle i ein trygg kvardag.
ArbeidsoppgåverUndervisning, planlegging og vurdering i samsvar med gjeldande læreplanverkSkape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljøSamarbeid med kolleger, leiing og føresetteAktiv deltaking i utviklingsarbeidet ved skulen KvalifikasjonarGodkjend lærarutdanning for grunnskulenErfaring frå undervisning i barneskule er ønskjelegGode digitale ferdigheiterGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegMe søkjer etter deg somEr ein tydeleg og trygg klasseleiarHar gode relasjonelle ferdigheiterEr fleksibel og løysingsorientertBidreg positivt til fellesskapet og arbeidsmiljøetPersonlige dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilbyEin spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskapPensjonsordning i SPKGode forsikringsordningar TilsettingsvilkårTilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren ber om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlista. Dersom du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentligheten i din søknad, og anmodningen ikke tas til følge, vil søker bli informert, jf. offentlighetslovens §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗