Audiopedagog
Vi har ledig 100% vikariat som audiopedagog ved høyresentralen, klinikk hovud-hals, Haukeland universitetssjukehus. Vi er opne for å tilby ein redusert stilling, t.d 50% til riktig kandidat.
Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH avdelinga, og har for øyeblikket 12 audiografar og 2 audiopedagogar. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar, sjukepleiarar og merkantile. Vi har ein svært variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar over 100år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle alderdsgrupper. Arbeidsoppgåvene blir utført på ØNH barnepoliklinikk i nye lokale i Glasblokkene, og på høyresentralen i Sentralblokka. Desse to bygga ligg tett på kvarandreå Haukelandsområdet.
ArbeidsoppgåverDelta i utredning, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barnUtgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantatUtgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoniArrangere kurs, mellom anna på LMS (lærings-og meistringssenteret)Rådgiving og rettleiing til personar med nedsett høyrsel og høyrselsrelaterte utfordringar. Rådgiving og rettleiing til foreldre og pårørandeUtføre leike-audiometri/VRA på barn i alderen 0-6 år saman med audiografKvalifikasjonarMastergrad i spesialpedagogikk, fortrinnsvis fordjuping i audiologiRelevant erfaring innanfor høyrselsområdet kan vege opp for utdanningskravErfaring med tinnitus, hyperacusis og misofoni er ein fordelKjennskap til/erfaring med CI (cochlea implantat)Erfaring med barn med nedsett høyrselErfaring med rettleiingsarbeidGode norskkunnskaparEngelsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparFagleg engasjement og motivasjon – du ønsker å utvikle deg som pedagogPasientfokus – møter kvar enkelt pasient med respekt, empati og god kommunikasjon
Sterke samarbeidsevne – lyttar, formidlar og samarbeider godt med både kollegaer og pasientarKommunikasjon - Du har gode formidlingsevner, og tar ordet i møte og diskusjonarPersonleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsettingVi tilbyrEin arbeidsplass i stor utvikling, der mange yrkesgrupper samarbeiderHøgt fagleg nivåMoglegheit til å bygge erfaring innanfor høyrselsrelaterte utfordringarEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Gode pensjonsvillkårLønn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonThomas Evenstad, Seksjonsleiar, thomas.evenstad@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176130897
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.07.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗