via nav · 1 June 2026 ·5 days ago

Assisterande seksjonsleiar

Thorax seksjon, Helse Bergen HF, Kirurgisk serviceklinikk
Bergen Full-time
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Thoraxkirurgisk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus søkjer ein tydeleg og engasjert assisterande seksjonsleiar med eit sterkt engasjement for fag, kvalitet og medarbeidarar.

Som assisterande seksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta av ein høgspesialisert seksjon, der du bidreg til å sikre god flyt, riktig bemanning og forsvarleg pasientbehandling i ein travel klinisk kvardag. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar i eit operativt tospann, og vere ein viktig medspelar i vidare utvikling av seksjonen.
Vi ser etter deg som evnar å kombinere struktur, samarbeidsevne og handlekraft – og som er trygg i prioriteringar og avgjerder når det er høg aktivitet og mange omsyn å ta.

Om seksjonen
Thoraxkirurgisk seksjon (TKS) er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og held til i moderne lokale i Sentralblokka. Seksjonen har høg aktivitet og komplekse pasientforløp, og består av eit sterkt fagmiljø med operasjons- og anestesisjukepleiarar.
Vi arbeider i tverrfaglege team saman med kirurgar, anestesilegar, perfusjonistar og andre samarbeidsgrupper, og legg stor vekt på godt samarbeid og høg kvalitet i alle ledd.
Seksjonen har i dag 34 operasjons- og anestesisjukepleiarar, og drifta er organisert i todelt turnus, hovudsakleg dagtid.

Fagleg ansvar og aktivitet
Seksjonen har ansvar for:

hjarte- og lungekirurgibehandling av thorakale aortaaneurismarakutt beredskap ved thoraxtraumeinnlegging av veneportar, Hickman- og dialysekateter for heile sjukehusetVi disponerer fire operasjonsstover, der éi er hybridstove nytta til avanserte prosedyrar i samarbeid med kardiologar og karkirurgar, som TAVI, MitraClip, pacemaker, ICD og EVAR.

Om rolla
Stillinga er dagtidsorganisert utan fast turnus, men gir høve til å oppretthalde klinisk kompetanse ved behov gjennom deltaking i drift.
Som assisterande seksjonsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle både drift, fag og arbeidsmiljø, og bidra til at seksjonen leverer trygge og effektive tenester av høg kvalitet.

ArbeidsoppgåverAnsvar for dag til dag-styring av operasjonsdrifta og operasjonsprogrammetAnsvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning, inkludert dagleg styring i GAT
Bidra i opplæring og kompetanseutviklingSikre godt samarbeid i seksjonen og med relevante interne og eksterne samarbeidspartnararVere stadfortredar for seksjonsleiar, med tilhøyrande ansvar ved fråværDelta i avdelinga sitt leiarteamFølge opp utstyrsbestillinger i samarbeid med fagansvarleg operasjonssjukepleiarKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarRelevant vidareutdanning som operasjonssjukepleiar Thorax operasjonserfaring er ønskjelegLeiarerfaring eller erfaring frå fagleg rettleiing er ein fordelGode IKT-kunnskaparGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgarePersonlege eigenskaparStrukturert og god i samarbeid med andreKommuniserer klart og tydelig
Evner å jobbe sjølvstendig og i lag med andreEngasjement for pasientar, fag og arbeidsmiljøFleksibel og løysingsorientert
Du evner å beholde roen i stressede situasjoner og får frem det beste i folkTrygg i ledelse av ansatte
Vi tilbyrEi utviklande leiarrolle i tett samarbeid med seksjonsleiarVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverMoglegheit for leiarfagleg utviklingGode pensjons- og forsikringsordningarEit sterkt og engasjert fagmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonKristin Helland Mjelde, Seksjonsleiar, +47 91390707, kristin.helland.mjelde@helse-bergen.no

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5129030505

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.