89% Vikariat, pedagogisk medarbeidar i skule/SFO
Om stillingaStillinga er eit vikariat i perioden 01.08.26-30.04.27. Stillinga føl skuleruta og løn/stillingsprosent er då på 89%. Som pedagogisk medarbeidar på Kaland skule vil du jobbe på ein skule med om lag 80 elevar, der vi systematisk jobbar med å skape
eit trygt og inkluderande skulemiljø. Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som støttar kvarandre og legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
Skulen har god tilgang på både trykte og digitale læremiddel, noko som gjer det enklare å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev sine behov. Vi har oppdaterte klasserom og spesialrom, i tillegg til eit variert uteområde som gir moglegheiter for fysisk aktivitet for alle.
ArbeidsoppgåverOppgåver knytt til oppfølging av enkeltelevar og grupper i skuletidaTilsyn med elevar i friminuttaVera med klassar/SFO i bassengetLegge til rette for og gjennomføre oppgåver med elevar/grupper på SFOLage til mat saman med elevgrupper på SFO
KvalifikasjonskravFagbrev i barne-og ungdomsarbeid er ønskelegGyldig politiattestMå kunne symje og vera villig til å ta livreddarprøve
Kven ser vi etter?Me ser etter deg som likar å jobbe med barn, og som trivast i ein variert og aktiv kvardag. Du ser den enkelte eleven og møter dei der dei er, med omsorg og forståing. Du er raus, varm og tydeleg, og med ditt positive vesen bidreg du til å skape ein god kvardag, både for elevane og
blant kollegaene. Du er robust, har eit glimt i auga og møter utfordringar med eit smil. Du er ansvarsbevisst og påliteleg.
Me tilbyrArbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverkEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarMoglegheiter for personleg og fagleg utviklingGod pensjonsordning gjennom KLP
Heim til AustrheimMe bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
This listing is from nav. View original listing ↗