100% Vikariat i medlevarturnus
100 % vikariat i medlevarturnus
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om arbeidsstaden
Stillinga er knytt til butiltak i avdelinga menneske med nedsett funksjonsevne.
Medlevarturnus med arbeid to- tre døgn, fri seks-sju døgn. Arbeid kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
Bistå bebuarar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstendigheit.bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita.Dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring.Kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande.Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.Som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar. Kvalifikasjonar
Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning/Fagarbeidar med erfaring kan vurderast.Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig.Har gode faglege kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk.Tverrfagleg komptanse.Relasjonskompetanse.Rettleiingskompetanse.Førarkort klasse B.Fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar.Personlige eigenskapar:
Har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske som har åtferdsutfordringar.Kan arbeide systematisk og målretta.Er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar.Har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar.Bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø. Me tilbyr
Tverrfagleg samarbeid.Gode vilkår for fagleg utvikling.Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.Rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-.Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗