via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

100% Stilling som Helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter

Austevoll kommune
Storebø Full-time
5 jobs in Storebø — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Om stillingaStillinga er fast i 100 % og omfattar dag- og kveldsvakter, inkludert nokre langvakter. Ei full stilling utgjer 35,5 timar per veke. Per i dag er stillinga i turnus med langvakter kvar fjerde helg. Turnusen kan endrast ved ny årsturnus dersom det er ønskjeleg.

Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra. Kommunen er ein TØRN-kommune med målretta oppgåvedeling, effektive arbeidsprosessar og kontinuerleg utviklingsarbeid.

Ansvar og arbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

Utføre grunnleggjande pleie og omsorg, inkludert personleg hygiene, stell og daglege gjeremålSikre god forflytning og mobilisering av bebuar, og bruke aktuelle hjelpemiddel på ein forsvarleg måteObservere endringar i helsetilstand og dokumentere i elektronisk pasientjournal. Vi venter på nytt pasientjournalsystem, for tida bruker vi Profil.Delta i legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og delegeringarUtføre enkle medisinske prosedyrar, som sår stell, måling av vitale parameter og kateterstellLeggje til rette for, og hjelpe til ved måltid, samt følgje opp ernæringsstatusSkape tryggleik, trivsel og aktivitet gjennom samtale, samvær og tilpassa aktivitetarSamarbeide tett med sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og pårørandeFølgje gjeldande smittevernrutinar, hygieneprosedyrar og interne kvalitetssystemBidra til eit godt arbeidsmiljø og vere ein aktiv del av det tverrfaglege teamet. 
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav:

Off. godkjent helsefagarbeidar.Gyldig politiattest Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som:

  • likar å arbeide med menneske

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert

  • er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg

  • er empatisk og god til å kommunisere

  • er løysingsorientert og samarbeidsvillig

  • held hovudet kaldt og er stabil i krevjande situasjonar

  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

  • har gode norsk­kunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr•     Ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass med høg kvalitet i pasientbehandlinga
  • God opplæring og tett oppfølging i starten

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, til dømes gjennom kurs

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med brei tverrfagleg kompetanse

  • Årsturnus der du får høve til å påverke eigen turnus

  • Konkurransedyktig løn etter tariff, tillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Tilrettelegging med omsyn til stillingsprosent

  • Moderne og godt utstyrte arbeidslokale

  • Ein moderne arbeidsplass med bruk av velferdsteknologi
  •  

Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

The market for this type of role

Similar openings
5
jobs in Storebø
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Storebø?
Currently 5 roles in Storebø on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.