via NAV · 11 September 2026 ·8 days ago

100% fast stilling som miljøterapeut!

Vågå Kommune Bufellesskap
Vågå Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

V *Miljøterapitenesta leverer tenester til personar både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og/ eller psykiske lidelser.  *

Tenesta er delt inn i tre avdelinger. Det er to bufellesskap: Eksismoen, Finntunet, og eit dagsenter som ligg i Sjårdalen: Solhaug.

Miljøterapitenesta skal sørgje for at kvar enkelt har ein trygg og forutsigbar kvardag, med størst mogleg grad av sjølvstendighet og mestring i eiga liv.

Vi har ledig ei 100% fast stilling i Miljøterapitenesta. Vi ynskjer primært søkjarar med helsefagleg utdanning, som helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar. Men er opne for søkjarar med anna relevant utdanning, eller deg som er i gang med eller skal starte på relevant utdanning.

Stillinga utførar målretta miljøarbeid og tilrettelegging for meistring og utvikling. Tilsettgruppa har ein foreina praksis og arbeider etter rettleiing frå tenesta og habiliteringstenesta. Det er 2:1 bemanning rundt brukaren som stillinga er knytt mot per idag.

Oppstart: Desember 2026.

Turnus: Arbeidstida vil vere dag- og kveldsvakter i vekedagar og helgar i ei

100% stilling.

 Arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande):

Målretta miljøarbeid

Tilrettelegge for meistring og utvikling

Iverksettje tiltak, evaluere og forbetre

Samarbeid med prosjektgruppe, eksterne samarbeidspartar og spesialisthelsetenesta

Medikamenthandtering (kurs blir gjeve)

Aktiv i arbeid med HOL kap. 9 -- Tvang og makt.

Dokumentasjon i digitale system

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar er ein fordel

Anna relevant utdanning blir også vurdert

Kandidatar som ikkje har relevant utdanning, men som anten er i gang eller planleggar å starte i utdanning er også oppmoda om å søkje

Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver er ein fordel

Gode skriftlege og munnlege eigenskapar i norsk (tilsvarande minimum nivå B1)

Erfaring frå og komfortabel med å arbeide i ulike digitale system

Det er krav om politiattest for stillinga.

Personlege eigenskapar:

Du er trygg på deg sjølv og beheld roen i utfordrande situasjonar.

Du har gode kommunikasjonsferdigheter ved å være imøtekommande, tydeleg og tålmodig.

Du er støttande, empatisk og uthaldande.

Du er god til å førebygge og handtere konfliktar og du klarer å legge konfliktar bak deg

Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.

Du har fokus på kompetanse og kvalitet, og er lojal til beslutningar som er tatt.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kvifor bør du melde di interesse?

Spennande og utfordrande teneste der du som person kan bidra til å gjere ein stor forskjell for brukaren.

Rettleiing frå tenesta samt habiliteringstenesta.

Månadlege teammøter.

Moglegheit for kompetanseheving 

Minste startløn tilsvarande 8 års ansiennitet for deg som har helsefagleg utdanning.

God pensjonsordning via KLP

 Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.  

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. *

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. *

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Vågå
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Vågå?
Currently 6 roles in Vågå on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.