via NAV · 14 September 2026 ·5 days ago

100 % fast stilling som fagarbeidar

Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Eikelandsosen Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling. 

Arbeidsstad 
Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast. Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50. 

Arbeidsoppgåver 

Oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg Maskinkøyring Enkle VA-oppdrag Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner 

Kvalifikasjonar 

Fagbrev innan grunnarbeid/anleggsmaskin, men lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev Krav om førarkort klasse BE og C Kompetansebevis M2, M4, og motorsag er ønskeleg Beherske norsk munnleg og skriftleg godt Personlege eigenskapar 

Engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert Meistra enkle, digitale verktøy Stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida i team FleksibelDet vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.  

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.  

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Eikelandsosen?
Currently 4,217 roles in Eikelandsosen on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.